Breivatn Hyttefelt

Gnr. 119 bnr. 2
Øyfjell 3890 VINJE
Vinje kommune

Adkomst
Det er bygd veg inn i hyttefeltet frå riksveg 503.

De kan køyre bil fram til hytta. Vegen blir halden oppe om vinteren. Brøyting og vedlikehald av felles vegar og anlegg blir det kravd betaling for.

Avstandar
Sidan Øyfjell ligg midt i mellom aust og vest, er det ikkje lange køyreturen for å kome på hytta. Du brukar 2 til 3 timar frå byar på austlandet, Sørlandet og Vestlandet til du er på Breivatn. Døme:· Skien 130 km,  Drammen 160 km, Sandefjord 200 km, Oslo 200 km, Arendal 180 km, Stavanger 247 km.

Beliggenhet
Hytteområdet ved Breivatn ligg vestvendt og har sol i frå tidleg om morgonen, til seint på kvelden. Hyttefeltet ligg i skoglendt miljø, men det er ikkje langt å gå for å kome seg opp på snaufjellet. Det ligg mange fine fjell rundt på alle kantar.

Området kan også seiast å vere svært snosikkert der det ligger ca. 800 meter over havet.

Breivatn Hyttefelt har skiløype heilt inn i feltet og den blir tråkka ofte og er godt tilrettelagd for fine turar. Sjekk heimesida til Raudsinutan løypelag her.

Kart over hyttetomter

Trykk på biletet for å sjå.
Trykk på biletet for å kome inn på reguleringsplan.